I dag har me dei siste 2 media timane for i år. Gjennom året har me brukt denne bloggen til å leggja ut forskjellige oppgåver, både tekst og produksjonar me har laga. Me har vurdert oss sjølve og heile gruppa sitt arbeid, feks. når me hadde Eshowe kampanjen. Me har lagt ut skrive oppgåver om globalisering, og sett kva elevane ved Kongsberg VGS har drevet med, og gitt kommentarar til dei – og s jølve fått tilbakemeldingar.

I løpet av året har me lært mykje nytt, og noko lærte mi litt om i fjor. Eg synst det var positivt å ha denne bloggen til å bruka til å levera og skriva om ulike oppgåver og evaluert oss sjølve. Me hadde ei lista over kva bloggane i klassen heitte, og me kunne/kan heile tiden gå inn og sjå kva dei andre har gjort og korleis dei har gjort det.

Media har vert eit fint og ulikt år dei andre. Me har jobba mykje på andre måtar enn kva me har gjort før, og dette har gjort til at me har fått meir erfaring og eit vidare spekter med arbeidsmetodar. Me har allerede gått 3 år på Sogndal VGS, og no er det berre 9 dagar igjen – og det er trist.

Så dermed – takk for meg. 🙂

Mi har fått i oppgåva av læraren vår å kommentera på blogginnlegga til elevane ved Kongsberg VGS, som har skrevet ei oppgåva om informasjonskløft. Leste gjennom nesten alle innlegga og synst alle var ganske korte, men var det berre ein kladd? Dei fleste tekstane stoppa jo etter innleiinga.

Bloggen til Sondre valgte eg å kommentera på:
http://sondrelo.blogspot.com/2010/02/infoklfta.html?showComment=1271057277921_AIe9_BEiPdg6D0OWEB_ZXeuzc0la6FUt8zc4whwbH7XKv6_CnOa4OcvrU22M-6ImtjvVjKqruY141cxtfInrLhLG9KhIQnJtVSJgHW_65D5XSSVSzohJ7ch3sAbj6WdKtl4Lav37uYVWMuab01Zv5V4qjKZma_QFlVKr3tGVjb-AgtySA29pKlol6ZeuW8OaUys8WUGrAA44Q1rO9txmLJeno0tNpe0EZg#c4001577794516488121

min kommentar var:
Synst begynnelsen din e veldig bra, og du har med definisjon på kva informasjonskløft er. men synst teksten din er altfor tynn, heile teksten din minner meg om ein innleiing.
Einig med dei andre kommentarane over at du burde kanskje skriva utfrå ei problemstilling, blir lettare for deg og lesarane da 🙂
men ellers ein god start!

GoAnimate.com: friends by ishish

Like it? Create your own at GoAnimate.com. It’s free and fun!

Eg, Ida og Hedda har laga ein animasjonsfilm på http://www.goanimate.com. Tema vårt for filmen var utgangspunktet i det me hadde prøve om i sist veke. korleis minoritetsgrupper og majoritetsgrupper vert fremstilt i media.  Her er resultatet, enjoy 🙂

Edit: Me får diverre ikkje linka til filmen vår, har prøvd mykje forskjelligt. Albertine har fått sett den, og her er i allefall ein liten smakebit!

Problemstilling: ”korleis er rolla til media i det fleirkulturelle samfunnet?”

Eit fleirkulturelt samfunn tyder at det innanfor det same samfunnet eksisterar det fleire kulturar som vert opplevd som ulike, og at enkelt individ i samfunnet har tilhøyrsel til fleire av desse kulturane. Det finst ikkje mange samfunn i verda som ikkje er fleirkulturelle, og som består av ei majoritetsbefolkning og fleire minoritetar. Frå 1970-tallet opplevde Noreg ein aukande innvandring frå ikkjevestlege land. Tidligare hadde denne innvandringa tilhøyrt skjeldenheita. Samfunnet fekk eit større mangfald, men også nye verdskonfliktar. (Riksarkivet/Kildenett: et fleirkulturelt samfunn)

Det er mange som er opptatt av dei negative sidene med innvandring, som arbeidsledigheit, kriminalitet og import av politiske og religiøse syn som provoserer mange nordmenn. Det finst også positive sider ved innvandring, om dette skriv Anne B. Djuve og Jon H. Friberg for Fafo at tilgang på arbeidskraft som det er mangel på i Noreg, og eit auka kulturelt mangfald gir moglegheit til å bli betre kjent med delar av verda som me elles har lite kontakt med. (Anne Britt Djuve og Jon Horgen Friberg, Fafo, 2004). Sjølv om mange synst det fleirkulturelle samfunnet bringer med seg nokre problem, må me prøva å sjå det positive i det. I mediemøte2 skriv Asbjørnsen med fl. at den globaliserte verda og den fleirkulturelle befolkninga førar til at samfunnet vert rikare, sjølv om det er ei stor utfordring for samfunnets og media.

Som eg allereie har sagt kjem det ein del problem med det fleirkulturelle samfunnet, skilnadar i kulturane og religionane vert ofte heftig omdiskutert i media, og det er det media fokuserar på for å skape debattar. Dette er saker som tvangsekteskap, kriminalitet, det at alle innvandrarar er kriminelle og driv med dop er blitt nesten som eit vanleg uttrykk i Noreg. Sjølv om dette berre er tull! Ei anna sak som i det siste har fått stor merksemd i media i Noreg er den debatten om politiet skal få bruke hijab dersom dei har ein anna bakgrunn.
”Norsk Journalistlag mener at journalister har et ansvar for å motvirke fremmedfrykt og rasisme. Derfor ønsker NJ å øke bevisstheten om de journalistiske utfordringene knyttet til disse temaene og til dekning av saker som gjelder innvandrere og flyktninger.”
(Øivind Fjeldstad og Merete Lindstad, Norsk Journalistlag)

Med dette har eg prøvd å forklart dykk korleis media fungerer i det fleirkulturelle norske samfunnet. Som eg har komme fram til i teksten ser de at det finst både ein del ulemper og fordeler med det fleirkulturelle samfunnet. Sjølv om det fleirkulturelle samfunnet byr på debattar og konfliktar synst eg det er flott at me lev ilag med folk med ulik bakgrunn og forskjellige religionar. Det hadde ikkje vert like morosamt dersom heile Noreg hadde sett like ut, trudd det same og hatt berre like meiningar. Det er bra, samstundes som det er krevjandes å leva så mange ulike menneskje ilag. Min konklusjon er at eit fleirkulturelt Noreg er bra, det får oss til å gå i oss sjølve og ha meir medkjensel til andre og ta omsyn til at alle er unike og forskjellige individ.

Litteraturliste:
Riksarkivet, kildenett.no: ”et flerkulturelt samfunn”
http://www.kildenett.no/temaer/flerkulturelt.samfunn, Lasta ned 01.02.2010

Fafo.no, presentasjon: ”Innvandring og det flerkulturelle samfunn”
http://www.fafo.no/pub/rapp/756/756.pdf, lasta ned 01.02.2010

Øivind Fjeldstad og Merete Lindstad: nj.no ”Journalistikk i det flerkulturelle Norge”
http://www.nj.no/Journalistikk+i+det+flerkulturelle+Norge.b7C_wlnIW2.ips, lasta ned 01.02.2010

Asbjørnsen, Dag m. fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007.

For nokre år kom eg plutseleg innpå denne filmen ,
Og det er den søtaste og finaste filmen eg noken gong har sett! Eg synst det er heilt sjukt kor mykje me mennesker kan påverka dyr. Berre sjå på denna filmen her. Det er greitt at ei løva kan ikkje gjera so mykje når den er liten, og den veks opp med mennesker og derfor har den ikkje angrept dei. Men når dei då slepp han ut i det fri for han treng mykje større plass enn det dei kan gje han. Når dei seinare kjem tilbake for dei vil sjå om dei får sett han ute i det fri, og han kjenner dei igjen! eg får heilt frysningar, og musikken er veldig med på å gi oss ein stemmning. Det er kjempe fint og på ein måte blir me litt triste fordet.

heilt nydelig!

Heilt i byrjinga av semesteret fekk me i oppgåva å ta eit bilde, som kunne representera kva Senterpartiet stod for. Me valgte då å ta eit biletet av blide skuleelevar, og ein firkløver. Dette er fordi SP sett fokus på skular og elevar, at alle elevar skal få god oppfølging og at lærarane skal vera godt utdanna og gode.

14. september var klassen sin frist med å vera ferdig med informasjonskampanjen vår om Eshowe og oprasjonsdagsverk! Den dagen var eg og resten av friluftsliv klassen på tur, og derfor fekk ikkje eg vera med på å holda foredraga. Men eg fekk tid seinare til å vera med å informera dei andre klassane om kva som skulle skje, 30 oktober. Pga av lite oppmøte på dei første foredraga var me nødt til å halda eit par nye, og eg var med på det eine. Eg synst me greide det veldig bra, foredraga var kort og veldig informative og folk følgde med heile tiden.
Eg var på mediagruppa, eg, Janne, Ida og Hedda. Vår oppgåva var å velga ut dei bilda som me ville ha med på power pointen. Først valgte me ut ein heil del med bileter, deretter fekk me teksten som manus gruppa hadde laga. Og deretter var me nødt til å finna dei bilda som passa til det som skulle bli sagt, og bilda var nødt til å passa til manuset. Den var ein litt vanskelig, men veldig viktig jobb. I tillegg til å velga ut bilde, hadde me også to filmar som me synst var viktige å ha med for at folk skulle bli enda meir engasjerte. Me hjalp også til med å finna sponsor til brosyre gruppa. Eg synst det har vert veldig spennande å jobba med detta, og det er eit kjempe bra tiltak som Sogndal VGS har valgt å gi pengane til!

«Tenk med hove, hjelp Eshowe. Gjer ein forskjell»<a
Dette var slagordet vårt, som gjekk igjen overalt. På power pointen, plakatane og brosyrane. Biletet er også vårt hovudbiletet, som òg går igjen overalt.



Her er nokre bileter av borna i Eshowe, som delgiasjonen som var nede i Januar 09 tok. Det siste biletet er av barnehagen som pengane frå elevar ved Sogndal VGS har blitt brukt til.

På fredag hadde me mediaheildag, torsdagskvelden hadde mi skuleundervisning og Johnny fortelte oss om filming og gav oss nokre gode tips.
Fra før hadde me laga story, storyboard og mangla berre å filma sjølve filmen og redigera den. Filmen handla om personvern og ytringsfridom.
Etter mykje leeing og tulling klarte me til slutt å filma noko bra! Me hadde øve 70 klipp, slik at me ihvertfall vart sikkre på at me hadde nok stoff å ta ifra.
Men når me skulle legga filmen innpå dataen gjekk det ikkje, men prøvde på alle mulige måtar, fleire forskjellige dataer osv. Ingenting gjekk, me vart ganske frustrerte, og når ikkje Johnny eingong fekk det til var alt håpet ute. Det var ganske kjedelig, for me hadde jo brukt ein heildag på filmingen.
Me har tenkt litt på å laga alt på nytt, men det er litt lite motiverandes når me hadde lagt so mykje tid i det, men me får sjå 🙂

600px-Copyright_blue

GNU Free Documentation License, Version 1.2

Artikkel frå sognavis

ol_SAK