I dag har me dei siste 2 media timane for i år. Gjennom året har me brukt denne bloggen til å leggja ut forskjellige oppgåver, både tekst og produksjonar me har laga. Me har vurdert oss sjølve og heile gruppa sitt arbeid, feks. når me hadde Eshowe kampanjen. Me har lagt ut skrive oppgåver om globalisering, og sett kva elevane ved Kongsberg VGS har drevet med, og gitt kommentarar til dei – og s jølve fått tilbakemeldingar.

I løpet av året har me lært mykje nytt, og noko lærte mi litt om i fjor. Eg synst det var positivt å ha denne bloggen til å bruka til å levera og skriva om ulike oppgåver og evaluert oss sjølve. Me hadde ei lista over kva bloggane i klassen heitte, og me kunne/kan heile tiden gå inn og sjå kva dei andre har gjort og korleis dei har gjort det.

Media har vert eit fint og ulikt år dei andre. Me har jobba mykje på andre måtar enn kva me har gjort før, og dette har gjort til at me har fått meir erfaring og eit vidare spekter med arbeidsmetodar. Me har allerede gått 3 år på Sogndal VGS, og no er det berre 9 dagar igjen – og det er trist.

Så dermed – takk for meg. 🙂